Leik på tunet

Kva med aktivitetar, tur eller vinsmaking før middag? Vi syr isaman eit opplegg for din gruppe!

Vi har hatt gode tilbakemeldingar på våre "leik på tunet" aktivitetar, gjerne med ein gåtur/beinstrekk førs. Heile vegen har du med personal frå Rekkedal som kan fortelle deg om dalen, plassen, garden mm.

Våre aktivitetar passar både for små og store grupper, og vi legg opp til aktivitetar som passar alle. Ved dårleg ver kan vi legge aktivitetane innomhus eller under tak.

Vi kan også kombinere "leik på tunet" med vinsmaking, eller ein kan ha vinsmaking åleine.

Alt dette syr vi isaman med deg, slik at det vert ei best mogleg oppleving for di gruppe.