Vinmakarmiddag på Rekkedal Gjestehus

Årets Vinmakermiddag vert holdt 18 - 19 November 2022


Vertskapet har vore på besøk hos dei norske vinbøndene, og vi har sett saman ein fantastisk 5-retters meny. Gjestane vert sessa på langbord under elegante italienske lysekroner i Nyestova, å blir servert gode vinar og historier til dei mange rettane.

Dette kan også vere eit spennande alternativ til juleselskap, både til private og grupper.

Først til mølla….

Årets vinmakarmiddag går av stabelen 18. og 19. NOVEMBER  

Vi startar med boble i glaset, og så følgjer rett etter rett avbrote med rikeleg av gode vinar og utsøkte matrettar. Pris pr person med velkomst, 5-retter middag og vinpakke er kr 1360.

Kvelden vert avrunda til midnatt, og vi kan ordne skyss heim. Dette passar også for firma, og om ønskeleg kan ein ha samling før Vinmakarmiddagen i eit av våre andre hus/lokale på garden.

Velkomen, helsing vertskapet.